LÅNEREGLAR Lånerett Det er gratis å låna. Alle som har gyldig lånekort, har rett til å låna ved biblioteka. Lånekort Me krev legitimasjon når lånekort vert skrive ut. 6 år: Du kan få eige lånekort Under 15 år: Du må ha kausjon frå ein føresett for å få lånekort. Den føresette er ansvarleg for låna. Over 15 år: Du kan få nasjonalt lånekort som er gyldig i alle norske bibliotek . Du må ha med lånekortet ved lån og er ansvarleg for å melda adresseendring og endring av anna kontaktinformasjon, som e-post/mobil/telefon. Meirope Gjeld tilgang til hovudbiblioteket utanom betent opningstid For: Brukarar over 18 år (15 år med underskrift frå foreldre) Du må ha : Lånekort og pinkode Du må skriva under på ein kontrakt i biblioteket for å få tilgang til meirope bibliotek. Ta kontakt med personalet om du er interessert.   Lånetid og innlevering: Bøker/lydbøker 4 veker Tidsskrift/musikk-cd/dataspel 2 veker Språkkurs 6 veker Film 2 veker   Lånet kan fornyast to gonger når det ikkje er reservert av andre. Språkkurs kan fornyast ein gong. Du kan levera ved begge biblioteka.   Reservering Du kan reservera utlånte media, og få melding når desse kan hentast. Du kan henta når det er ubetent også. Varsel/Purringar Biblioteka sender ut purring på media som ikkje er leverte til rett tid: Vaksne: 1.gongs purring kr. 35,- 2. gongs purring kr. 70   Barn: 1.gongs purring kr. 0,- 2. gongs purring kr. 20   Ved tap av lånekort: kr. 10,-